Sprache
Hilfe
© TicketCo AS 2024.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
D/S Stord I har avgang frå Holbergskaien kl. 19.00 for «Toradarcruiese» på Byfjorden i 3 timar.
Førehandssal av billetter på: https://stord1.ticketco.events/og på nettstaden: www.Stord1.no. Ordinær pris kr. 390,00, Bt-fordelspris kr. 310,00.
"Småradarane" er ei toradargruppe frå det fine folkemusikkmiljøet på Osterøy som saman med resten av toradargjengen og felegjengen heiter Osterøy spel- og dansarlag. Namnet Småradarane speglar alderen på gjengen då dei starta opp med å spele toradar og blei til ei "gruppe på 1990-talet. Dei er ikkje lengre små, men like ivrige på spelinga, og gruppa består no av 11 toradarspelarar, 1 gitarist og 1 bassist. For det meste går det i gamaldans, men dei har også litt anna som f.eks. swing og bygdedans på repertoaret. Ta gjerne ein titt på facebooksida til Småradarane og Osterøybelgen. Osterøybelgen er den samlande gruppa for alle som spelar toradar på Osterøy, og det er nok her de finn mest bilde og videosnuttar av begge gruppene.