Lørdag 11. juni 2022: Torgdagen 2022, D/S Stord I i rute frå Skogsvågen/Skageneset og Brattholmen til Bergen og retur.

Torgdagsrutene 11. juni 2022 for D/S Stord I går slik:
Morgonturen
Frå Bergen kl. 07.00 til/frå Brattholmen kl. 08.00
til/frå Skogsvåg/Skageneset kl. 09.00
til Bergen ca. kl. 11.00.
Ettermiddagsturen
Frå BeFrgen kl. 15.00 til Brattholmen kl. 16.00, til Skogsvågen/Skageneset ca kl. 17.00, retur til Bergen ca kl. 19.00.
Det er mange som vil følgja dampbåten "Stord I" til By'n denne dagen, så ver om deg og kjøp billetter på førehand!
................
Arrangørane skriver på si nettside om Torgdagen:
Torgdagen i Bergen har sidan 1977 vore eit av Bergens største kulturarrangement. På Torgdagen kan du oppleva eit yrande folkeliv og dette er ein festdag for bymann og stril. Torgdagen er årviss og du vil finna kystkultur med gamle båtar, bymann og stril i gamle klede, bodar med sal av mat og varer, kåring av best restaurerte båt og antrekk. ...................
Orienter deg om D/S Stord I på:
Nettsida: www.stord1.no
Facebook: Stord1, Instagram: Stord1
Restriksjoner
Ved kjøp av BT/Fordelsbilletter må BT-kort visast ved billettkontroll.
Barnebillettar for aldersgruppa 4-15 år.
Betalte billettar vert ikkje refundert.