Søndag 7. juni 2026: Reis med «Stord I» til Salhus for å oppleve Tekstilindustrimuseet og Salhus Tricotasjefabrik. Turen går med dampskipet «Stord I» som ved dette høvet er «kunstbåten Stord I». Om bord introduksjon om tekstilkunstar John K. Raustein.
Veterandampskipet «Stord I» har avgang Bergen/Vågen frå Shetlands Larsens brygge søndag 7. juni 2026 kl. 11.00 for å segle til Salhus med ankomst ca. kl. 12.15. Under opphaldet i Salhus fram til kl. 15.00, kan du oppleva utviklinga frå strikkepinnar til, for si tid, avanserte strikkemaskinar frå 1930/1950-talet. «Stord I» representerer ein dampskipsperiode for rutebåtar frå 1880 – 1960.
Båtbilletten for vaksne dekkar både båtturen og inngangsbillett til museet.
«Strikk og mekanikk» med skip og i fabrikk!
SALHUS TRICOTAGEFABRIK
Salhus Tricotagefabrik er eit freda kulturmiljø i Salhus. Fabrikken var i drift frå 1859 til 1989 og produserte strikka klede av god kvalitet – trikotasje betyr strikka stoff. I dag held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala.
På denne turen vil du få oppleve Salhus Tricotagefabrik, lære meir om kledesproduksjonen i fabrikken og elles i verda. Kjenne karda ull mellom fingrane, høyre maskinstøyen, kjenne luktene i dei gamle lokala, utforske fabrikkstaden Salhus, og sjå utstilling med kunststudentar med fordjuping i tekstil, ved fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.
John K. Raustein
John K. Raustein er en tekstilkunstner basert i Oslo, som arbeider i skjæringspunktet mellom det materielle, konseptuelle og skulpturelle. Gjennom sitt kunstnerskap utforsker han blant annet oppvekst, skeiv kultur, minner og identitet, med tekstil som bærende medium.
Hans arbeider kjennetegnes av monumentale og omsluttende installasjoner, der personlige erfaringer kombineres med større samfunnstemaer som utenforskap, kjønnsroller og tekstilproduksjonens miljøutfordringer
Kunst og mekanikk
Denne dagen inviteres du med på en helt spesiell opplevelse fra Bergen til Salhus med veterandampskipet «Stord I». Underveis på reisen får du en introduksjon til Rausteins kunstnerskap, v/kurator Anneli Belsvik Aras, før du kan utforske Tekstilindustrimuseet og oppleve utstillingen på nært hold.
i Utstillingen som er andre del av en trilogi der Raustein undersøker identitet, erindring, farge og kroppslig persepsjon gjennom tekstil som medium. Med byggeplassen som metafor skaper han monumentale installasjoner som tematiserer overgang, sårbarhet og tilhørighet.
Kl. 14.00 blir det en vandrende kunstnersamtale i utstillingen hold av John K. Raustein, der du kommer tettere på både verkene og kunstnerens prosess.
Det vil i tillegg vere:
Ope strikkeloft: Opplev strikkemaskiner frå 1930- og 1950-talet i drift kl. 12 -13
Open smie: Demonstrasjon av produksjon i smia kl. 12-13
Aktivitetsbord: Aktivitetar for alle
I MUSEUMSBUTIKKEN
10 % av på varer som sokkar, skjerf, gensarar og bomullsplagg produsert på fabrikken
Loddtrekning av gåvekort kl. 14:30 for alle
SUMARSTEMNING I KRONE KAFÉ
* Meny: Blings, skillingsbollar, kake. Kaffi/te, saft/juice.
Program:
· 11.00 - Stord1 avgang frå Bergen
· 11.20 – (på båten) Introduksjon til John K. Raustein sitt kunstnarskap (ca. 20 min.) v/kurator Anneli Belsvik Aras
· ca 12.00 - Ankomst Salhus
· 12-14.00 - utforsk museet, kjøp lunsj i Krone kafé
· 14.00 – vandrande kunstnarsamtale i utstillinga
· 15.15 - retur med Stord1 til Bergen
Orienter deg om kulturmiljøet i Salhus:
https://snl.no/Salhus_Tricotagefabrik
Stord I
Dampskipet «Stord I» vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri i 1913. Skipet gjekk i rute for reiarlaget fram til 1969.
Skipet blei restaurert som veteranskip mellom 1981 og 2013. Sjøfartsdirektoratet tildelte i 2013 passasjersertifikat for 99 passasjerar. Skipet har mange salongar og god plass på mange dekk. På turen frå Bergen til Salhus og tilbake kan ein oppleve heile skipet som styrehus, maskinrom og bysse. Det blir strikkesalong om bord og utdeling av strikkemønster, og utlodding av dagspass til Bergen Strikkefestival.
Byssa til D/S Stord I sel både mat og drikke som bacalao og betasuppe, svele og vaflar, og godt utval av drikke som kaffi, te, brus, mineralvatn, øl og vin.
AVREISE FRÅ SALHUS KL 15.15. Ankomst Bergen/Vågen ca. kl, 16.40.
Orienter deg om D/S Stord I :
Nettsida: www.stord1.no
Facebook: https://www.facebook.com/STORD1/
Instagram: https://www.instagram.com/stord_1/

Restriksjoner
Barnebilletter for aldersgruppen 5-17 år.
Ansvarsfraskrivelse
Betalte billettar vert ikkje refundert.
BT-Fordelskort må visast ved billettkontroll.