Fredag 16. august 2019: Kulturhistorisk opplevingstur til Bekkjarvik med dampskipet "Stord I". Avgang Os kl. 10.30 og tilbake til Os ca. kl. 17.00

INFORMACJE O IMPREZIE

Stiftelsen D/S Stord I inviterar saman med Inge Halstensen og Os & Fusaposten til opplevingstur til Bekkjarvik. Bekkjarvik er ein fin og interessant stad. Her er mykje å oppleva for unge og gamle. Staden har lang historie som fiskerihamn og handelsstad. Slik er det også no og Inge Halsensen kan leveandegjera historia med sine forteljingar om staden Bekkjarvik. 

Det vert ein tettpakka dag:

Dampskipstur med "Stord I" frå Os kl. 10.30   til Bekkkarvik ca. kl.  12.30.

Rusla i kring i Bekkjarvik og her er mykje å sjå og oppleva. 

Heilt spesielt er det å å ta turen innom Hengjo, søk opp: https://www.youtube.com/watch?v=WkqVsH-hAH4

For dei som ønskjer å høyra på Inge Halstensen fortelja om staden og livet i Bekkjarvik opp gjennom åra, er han klar i Hengjo  kl.  13.30.

D/S Stord I har avgang frå Bekkjarvik kl. 14.45 med ankomst Os ca kl. 17.00.


Sidan denne turen mellom anna er eit samarbeid mellom Stiftelsen D/S Stord I og Os & Fusaposten, er det spesielle fordelsbillettar til reduserte prisar for abonnentar på Os & Fusaposten.

Billettprisar: 

Ordinær billett,  vaksen  tur/retur Os - Bekkjarvik: kr. 350,00 og barn tur/retur  kr. 150,00.

Fordelsbillett for abonnentar på Os & Fusaposten, vaksen, tur/retur Bekkjarvik kr. 300,00 og barn kr. 100,00.

Det er  gratis tilgjenge i Hengjo.

Restrykcje

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Barnebillettar for aldersgruppa 5-15 år.