page view image

Fredag 21. juni 2024: Musikkcruise med dampskipet «Stord I» på Byfjorden med toradargruppa «Småradarane» frå Osterøy. Avgang Holbergskaien kl. 19.00, tilbake til kai ca. kl. 22.00.

Stiftelsen D/S Stord I har hatt suksess med Blues- og Jazzcruise på Byfjorden og utvidar no med ein ny sjanger: trekkspel/toradar. «Småradarane» frå Osterøy «mønstrar» med instrumenta sine fredag 21. juni 2024.

Information
event image

D/S Stord I har avgang frå Holbergskaien kl. 19.00 for «Toradarcruiese» på Byfjorden i 3 timar. 

Førehandssal av billetter på: https://stord1.ticketco.events/og på nettstaden: www.Stord1.no.                                   Ordinær pris kr. 390,00, Bt-fordelspris kr. 310,00.


"Småradarane" er ei toradargruppe frå det fine folkemusikkmiljøet på Osterøy som saman med resten av toradargjengen og felegjengen heiter Osterøy spel- og dansarlag. Namnet Småradarane speglar alderen på gjengen då dei starta opp med å spele toradar og blei til ei "gruppe på 1990-talet. Dei er ikkje lengre små, men like ivrige på spelinga, og gruppa består no av 11 toradarspelarar, 1 gitarist og 1 bassist. For det meste går det i gamaldans, men dei har også litt anna som f.eks. swing og bygdedans på repertoaret. Ta gjerne ein titt på facebooksida til Småradarane og Osterøybelgen. Osterøybelgen er den samlande gruppa for alle som spelar toradar på Osterøy, og det er nok her de finn mest bilde og videosnuttar av begge gruppene.

Restrictions

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Ved kjøp av Bt-fordelsbillett må Bt-fordelskort visast ved billettkontroll.