Lørdag 31. mai 2025: Torgdagen 2025, D/S Stord I i rute heimatt frå Torgdagen og rundtur om Brattholmen tilbake til Bergen.
På Torgdagen går gamle rutebåtar i oppsette ruter frå Strilalandet til by'n. D/S Stord I har i mange år gått i morgonrute frå Sotra - Brattholmen og Skaganeset. I år vert det og rute heimatt til Strilalandet på ettermiddagen.

Torgdagsruta 31. mai 2025 for D/S Stord I går slik:
Morgontur frå Brattholmen og Skaganeset til Bergen, men denne er utseld.
D/S Stord I går heimattrute i år. Sjå billettar for heimatturar.
Heimatturen kan forlengjast til ein rundtur med avgang frå Bergen, Bryggen, kl. 15.00 om Brattholmen tilbake til Bergen. Turen tek ca. 2,5 timar og du får med deg Byfjorden og deler av hovudleia til innseglinga til Bergen.
Fin tur for å sjå Bergen frå sjøen!
På denne turen blir det musikalsk underhaldning ombord:
Vokalgruppa/oktetten Gubbekoret spelar gitar/fløyte og syng sjantiar og poplåtar.
............
Arrangsjørane skriver på si nettside om Torgdagen:
Torgdagen i Bergen har sidan 1977 vore eit av Bergens største kulturarrangement. På Torgdagen kan du oppleva eit yrande folkeliv og dette er ein festdag for bymann og stril. Torgdagen er årviss og du vil finna kystkultur med gamle båtar, bymann og stril i gamle klede, bodar med sal av mat og andre varer, kåring av best restaurerte båt og antrekk.
...................
Orienter deg om D/S Stord I:
Nettsida: www.stord1.no
Facebook: https://www.facebook.com/STORD1/
Instagram: https://www.instagram.com/stord_1/
Restriktioner
Pris for barn
Barn under 6 år reiser gratis.
Barn fra 6 til og med 17 år betaler barnepris.

